Vald i eit kjønnsinkluderande perspektiv

Av Eivind Meland

I landet vårt er det vanskeleg å komme gjennom med anna valdsperspektiv enn: Mannen er overgripar og kvinna offer. Det er nærast blitt «den lufta vi pustar i». Samværshindring og foreldreframandgjering er vald og kontrollerande åtferd mot samværsforelderen. Men det er først og fremst eit overgrep mot barnet.

Barna sine rettar og behov for å kunne behalde heile familiekapitalen sin likeverdig og tett gjennom livet vert skusla bort. Likevel vert desse handlingane, som oftast vert retta mot fedrar, ikkje rekna som vald eller overgrep - verken frå Psykologforeininga eller Nasjonalt Kunnskapssenter om Vold og Traumatisk Stress (NKVTS).

Eit allmennmenneskeleg perspektiv

For snart to år sida publiserte NKVTS sin rapport “Omfang av vald og overgrep i den norske befolkninga”. Rapporten viste at 13% av kvinnene og 36% av mennene har vore utsette for alvorleg fysisk vald etter fylte 18 år. Alvorleg fysisk vald frå partnar hadde langt lågare førekomst, men var hyppigare for kvinner enn for menn. Mindre alvorleg fysisk partnarvald førekjem oftare, og var oftare retta mot menn enn kvinner. Psykisk vald i tydinga kontrollerande tvang frå partnar er hyppig og rimeleg likefordelt mellom kjønna ifølgje NKVTS. I rapportens konklusjon meiner forfattarane at innsatsen må rettast mot kvinner. 

Det er vist at kvinner i langt større grad fortel om valden dei opplever i nære relasjonar enn det menn gjer. Hos menn blir psykologisk mishandling ofte forteia av skam og skyldkjensle hos dei utsette. 

NKVTS nyttar WHO sine definisjonar av vald. Her høyrer psykisk vald, som i rapporten er undersøkt med mål på tvangs-kontroll av partnar, heime. Slik vald tek fleire andre former. I ein ikkje-representativ spørjeundersøking blant over 3000 fedrar i Norden fordelte valdsformene seg med psykologisk (85%), finansiell (43%), fysisk (35%) og digital (18%). Den psykiske valden har ulike former, mellom anna nedsetjande karakteristikkar, falske klagar, samværssabotasje og foreldreframandgjering. Desse valdsformene er ikkje undersøkte av NKVTS. Det å urettmessig nektast omgang med eigne barn etter ein skilsmisse, representerer ein form for vald med minst like stort skadepotensiale som grov fysisk vald. Det rammer menn oftare enn kvinner fordi mødrer oftare får tilkjent eller tiltar seg hovudomsorga for barna. Alvorleg vald mot eigne barn førekjem like hyppig blant mødrer som fedrar ifølgje ein rapport frå Kripos. Eg vil hevde at dette viser at vald er eit allmennmenneskeleg folkehelseproblem.

Eit kjønnsinkluderande perspektiv verker best

Det einsidige fokuset på vald mot kvinner kan vera kontraproduktivt. Ein samle-artikkel finn at ein kjønnsinkluderande tilnærming i behandlinga og førebygginga av partnarvald er meir effektiv enn kjønnsspesifikk tilnærming der kvinner oppfattast som ofre og menn som overgriparar. NKVTS-rapporten viser at unge kvinner i Noreg har opplevd ein dobling av vald mellom 2014 og 2023. Det er grunn til å mistenke at auken kan skyldast ineffektive og dårleg dokumenterte metodar i kampen mot vald og ei forståing av vald som sit fast i ideologisk motiverte fordommar.

Familievald, inkludert vald mot barn, vert redusert i statar i USA som innfører familielover som gjer mødrer og fedrar jamstilte etter skilsmisse, såkalla delt fast bustad. I Spania har ein samanlikna regionar som har innført jamstilt lovgjeving med regionar som fortsett praktiserer ein «the winner takes it all» lovgjeving. Den norske barnelova er eit eksempel på sistnemnte lovgjeving. Den spanske studien viste at partnardrap var dobbelt så hyppig i regionar som utpeiker ein A-forelder og ein B-forelder samanlikna med regionar med jamstilt lovgjeving. 

Å lukke auga for foreldreframandgjering, som store delar av det norske fagmiljøet gjer, er ei oppskrift på å utsetje barn for skadeleg omsorg. I ein studie frå USA er det dokumentert at ein forelder som driv framandgjering mot eks-partnaren sin, ofte driv psykisk og fysisk vald mot eigne barn.

Frå fordommar til jamverdigheit

NKVTS finansierte forskingsformidling på nettstaden Forskning.no der svært selekterte informantar kunne fortelje at ein jamstilt barnelov var eit trugsmål mot valdsutsette mødrer og barn. Psykologforeininga er ein av mange instansar som har levert høyringssvar til regjeringa si høyringsuttale der dei fryktar at ei jamstilt barnelov vil gjere det enda vanskelegare for sårbare barn.

Politikarar bør ta folkehelsa på alvor, og også prioritere vald mot menn og barn ved å gjere delt fast bustad til rettsnorm i Barnelova. Eit allmennmenneskeleg perspektiv på vald og ein jamstilt barnelov vil tene oss som samfunn.


Artikkelen ble publisert i Dag og Tid 7. februar 2025.

Hvis du ønsker å få tilsendt referansene, kan du ta kontakt ved å sende epost til: conference@pasg.no

Previous
Previous

Vi trenger et nytt perspektiv på barneretten

Next
Next

Samværshindring, samværssabotasje og foreldrefremmedgjøring